lørdag 5. mai 2018

Art journaling med mermaidmarkers

Heisann:-) I dag vil eg vise fram artjournaling der eg kun har brukt 3 ulike produktrer, alle fra Jane Davenport. Eg har laga desse sidene i den litle jornalen hennar.  Desse bøkene er heilt fantastiske med nydelig akvarell papir som passer perfekt til mermaidmarkers:-)


Sidene er laga ved at eg rett og slett har leka meg med mermaidmarkers og incredible pen. Desse produkta er ikkje vannfaste og byr på både utfordringer og spennande, herlige resultat:-) Dama til venstre er tegna med incredible pen og fargelagd lett med mermeidmarkers. Siden blekket eg har i pennen ikkje er vannfast er det heilt supert å skyggelegge ved å dra over med ein vannpensel. 


Jentene til høgre er laga ved å stemple med rød mermaidmarkers og eit av ansiktsstemplene til Jane. Det blir ikkje eit perfekt stempeltrykk men eg syns det blir eit veldig levende utrykk og gir rom for variasjon. 


 Eg har brukt paint over pens til litt detaljer og highlights


 Mange av mermaidmarkersene har eit nydelig shimmer i seg. Ikkje så lett å få fram på bilde, men heilt fantastisk nydelig<3


Produkter:



Pin It

onsdag 2. mai 2018

Art journaling med Jane Davenport produkter

Hei hei:-)

Blogger for Scrappiness i dag og viser fram ei artjournal side eg laga då eg var med å feira bursdagen til tidligere DT medlem Jorunn:-) Det var ei utrulig kosli helg og Lone og tidligere DT Helga Elin var og med:-)

Me kom på at me skulle prøve å laga ei lita løs side til kvar som minne fra helga. Det gjorde me ved å sende rundt ei side 20 ganger der alle gjorde litt kvar gong. Utrulig gøy treff aktivitet og veldig spennande  å sjå resultatet:-)

Eg har stort sett brukt Jane Davenport produkter. Liker du mixed media finner du omtrent alt du trenger i produkta hennar. Eg virkelig digger dei!


Sida er laga ved å lime på papirbiter, washitape og maling. Eg har og limt på stempeltrykk som er på silkepapir. Då ser det nesten ut som om det er stempla direkte i boka og du får eit perfekt trykk. Dette er eit lurt tips dersom du vil ha eit tydelig stempeltrykk i artjournaling, då det kan være svært vanskelig å få til på ein bakgrunn med mykje tekstur og maling. 

Dersom du vil sjå korleis eg går fram når eg lager ei slik side kan du sjekke ut ein tidligere turtorial her:-) 


 Ansiktswashien til Jane Davenport er super å bruke som utgangspunkt til personer:-) 
Møllen er eit stempeltrykk fra Visible Images som har utrulig mange kule stempel!


Her er sida mi med den litle sida me laga i lag. Utrulig artig at den matchet sida mi så bra:-) 



Produkter:
Jane davenport: washitape, gesso og matte medium, maling, mermeid markers, paint over pens, glitz sea markers (glitterpenn)
Visable images: stempel



Pin It

mandag 30. april 2018

Maleri i akrylmaling

Hei hei:-) Endelig er det blitt skikkelig vår her i vest og inspirasjonen bruser:-) Blogger for Scrappiness denne veka:-) 

Denne veka blir det mixed media og maling fra meg og i dag vil eg vise eit maleri laga på ei plate fra utskjæret av et paspatur. Genialt å bruke til malerier!


Bilder er laga ved at eg først limte på diverse papirbiter for å skape tekstur i bakgrunnen. Eg digger teksturen fra kakeservietten<3 

Så har eg rett og slett leika meg med farger og laga ulike "merker" i bakgrunnen. Til slutt såg eg denne jenta og malte ho fram;-) Storkosa meg:-) 

Eg har brukt Magic wands (fargeblyanter) fra Jane Davenport til detaljer og litt skribling. 
 Eg har og brukt inkagold fra Viva rundt om kring for å fremheva teksturen. 




Produkter:
Akrylmaling: Amsterdam og Jane Davenport
Matte medium: Jane Davenport
Inkagold fra Viva 



Pin It

fredag 16. mars 2018

Art journaling

Hei og hopp:-) Då var det helg alt og våren er rett rundt hjørna:-) Guri land kor eg glede meg!

Eg har laga ein slags tutorial, for Scrappiness,  på ei artjournal side og har filma heile prosessen då eg laga sida:-) 





Og litt bilder: 







Ha ei strålande helg:-) 







Pin It

onsdag 14. mars 2018

Mixed media tag

Hei hei:-) Min tur hos Scrappiness igjen:-)

I dag viser eg fram ein tag som er litt meir tidkrevande å laga enn LOen eg viste fram på mandag, nemlig ein mixed media tag. Eg elsker denne stilen. Den har uendelig med muligheter og er så utrulig fri:-) Du veit aldri heilt korleis resultatet blir og derfor gjer det ingenting om ein gjer noko "feil" for det er ofte med på å gjer resultatet enda bedre enn ein hadde tenkt:-) Så "happy accidents" er veldig velkommen for min del;-)

Denne tagen er laga av restepapir og restemaling og medium etter eit anna prosjekt. Ofte når eg held på med eit større prosjekt har eg ein tag ved sida av til å ha på restene så dei ikkje går til spille.


For å lage tagen har eg limt på rester av papir, tissue, osteklut og washitape. Deretter har eg hatt på eit tynt lag med gesso for så å spraye med glimmermist. Husk å tørke mellom laga. 



Til å pynte tagen har eg brukt eit bilde fra eit utklippsark og ein del av eit gammalt smykke. 

 Pynten gjekk raskt då smykket utgjer mesteparten av den. Ei fjær og litt Papirdesign klistermerker og bånd og vips så var den ferdig:-) 

Pin It

mandag 12. mars 2018

Clean & Simple hos Scrappiness

Hei hei:-) No er det lenge sidan eg har hatt innlegg i bloggen til Scrappiness, så det skal bli veldig kjekt å få dele litt igjen:-) 

Eg startar veka mi veldig enkelt og greit med ein clean & simple layout. Når eg ikkje held på med mixed media er det nok denne stilen eg likar best. Her får bilete spela hovedrolla og så er det jo kjekt at det går så raskt å laga og;-) 



Denne layouten er laga ved å male på eit akvarellpapir med Jane Davenport mermeid markers. Så tok eg eit panel i kvit kartong og stansa ut ordet. Deretter limte eg arket eg hadde mala på under panelet og limte det så over på ein kvit bazzil. 


 Ellers er det veldig enkelt pynta med litt hyssing, klistermerke og eit hjerta stansa ut av rester fra eit ark eg har brukt tul å testa ut akvarellmaling. 


Produkter:

Pin It

fredag 8. desember 2017

To interaktive vinterkort

Hei:-) I dag viser eg to interaktive vinterkort i Scrappiness bloggen, eit color-slider-kort og eit shaker kort. Kosa meg veldig når eg laga desse:-) 

Eg har brukt stempel fra Heartfelt og Papirdesign som hovedmotiv. 

Det første kortet er eit enkelt shaker kort, med ein søt snømann fra Papirdesign. 

 Bakgrunnen er påført distress ink. Eg limte så nokre snøbakkar og trær på og dekka alt med vellum. Så limte eg på ein ny snøbakke og eit tre før eg limte på snømannen. Snømannen er fargelagd med Copics og så klippa ut og limt på. Rundt bakgrunnen har eg brukt 3D tape, det kan være ein fordel med dobbelt lag tape for å få kortet til å shake skikkelig. Eg har berre eit lag på dette kortet. På ramma har eg limt eit lag acetate, så putta eg oppi diverse paljetter og glitter før eg la ramma over 3D tapen. 

Ellers er kortet enkelt pynta med tekst fra samme stempelplate som snømannen og matchende kortbase. 

Så var det color-slider-kortet:

Desse små korta har eg fått heilt dilla på:-) Er så gøy å dra opp den kvite skilleveggen og sjå fargene på kortet skifte:-) Her har eg brukt nydelige stempel fra Heartfelt creations "Woodsy critters", eg har brukt diesen som høyrer til for å kutte ut figurene på framsida av kortet. Her er det veldig viktig å få stemplinga heilt perfekt på bakgrunnen og på acetatet. Litt vanskelig kan det være. Eit tips er å holde det stemplede acetatet på plass over bakgrunnsstempelet med washi tape før du limer på ramma. Så berre drar du ut washitapen etterpå. 

Eg liker å holde desse korta enkle på utsida med få farger. 


 Men når du drar i taben..... 


...kommer fargene fram:-) Eg er ein nybegynner på fargelegging, så det er ikkje så veldig fancy enda;-) 

Produkter: 
Stempel: 

Ha ei strålande helg:-) 



Pin It