fredag 27. januar 2012

Skissedillaskisse # 147

Endelig har eg fått laga ein layout til skissedilla igjen. Og for ei herlig skisse!

Eg har scrappa bilde fra då minstejenta starta i barnehagen tidligare i år. Me trur det nesten ikkje når me ser kor fort dette året har gått!

Eg hadde egentlig tenkt å ha eit stort sjølvpynta chipboard tre der som eiffeltårnet er på skissa, men det blei for stort gitt. Så då blei da eit lite tre med søt fugl på i stedet;-) Tittelen er plassert som på skissa og der hjerte er måtte eg ha med ei bia siden barnehagesekken til snuppa er ei bia:-)

Følte dette blei ein ganske så sommerlig LO, men no er det jo berre å sjå ein vei - nemlig mot SOMMAR! (må sei eg er litt lei av vinter og storm eg...)

Det er ikkje for ofta eg scrapper fargerikt på kvit bakgrunn men det er utrulig gøy å føla at eg fekk det ganske bra til no:-) Og så har eg til og med fått brukt nåken gamle rubons:-)


Her er mi tolkning av skissa:



Å få tatt fine bilder på mørke vinterdagar er neimen ikkje lett;-) Så litt uskarpt bilde men, men.

Og her er skissa:


Pin It

1 kommentar:

  1. Så fargeglad og flott denne var!! Tusen takk for at du deltar!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren:-)