søndag 1. februar 2015

Kreativ Scrapping!

Eg har ein super nyhet i dag - eg har nemlig blitt ein del av design teamet til Kreativ Scrapping! Kreativ Scrapping er ein heilt super nettbutikk med eit fantastisk utvalg scrappesaker. I bloggen finn du utrulig mykje variert inspirasjon og det er utfordring kvar måned:-)

I februar er temaet Kjærlighet.

Eg har laga ei side i Dylusion Artjournalen min, som handler om at ein kan vise kjærlighet for alle skapninger og ulike mennesker på jord. Kanskje verden hadde vært bedre då? 
Først har eg brukt Mod podge til å lime på mange ulike papir, servietter, gavepapir o.l for å skape struktur. Her er det perfekt å bruka resteark. Så har eg brukt ulike stensiler og tatt på molding paste gjennom dei. 

Eg har så påført gesso og maling i rosa og grønn. Til slutt har eg hatt på litt glimmermist.
Mens det tørka tegna eg engelen og dei rare skapningene inni hjerta. Desse fargela eg med Promarkers, du finner mange ulike Copics tusjer i nettbutikken som fungerer heilt supert til dette:-) Eg har og brukt litt maling tegningane. Til slutt malte eg på treet med hjerter og teksten. Her brukte eg ein type blekk som tydligvis ikkje var meint til å tegne med for det er enda ikkje tørt;-) Men det er jo det som er så supert med Art journaling. Her kan ein prøve ut alt mulig og ingenting blir "feil":-)

Eg har aldri holdt på med fargelegging men må sei at no har eg nok fått ei ny dilla:-) Og ekstra gøy er det å teikne sjølv:-)






Eg har fått heilt dilla på å teikne rare små skapninger, så desse dukker nok opp rundt om kring;-)






Pin It

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren:-)