onsdag 9. mars 2016

Bryllupskort med konvolutt

Hei hei:-) I dag er det min tur i Papirdesignbloggen der eg viser fram ein konvolutt. Men først vil eg vise fram mitt bidrag til februarutfordringa Begivenheter. (glømte visst å poste det før eg drog på ferie).
Me har nemlig vært i Dubai for å delta i eit bryllup så då måtte eg selvfølgelig få laga eit kort til brudeparet:-)

Den nye serien Muligeheter er full av fantastiske, varierte ark og det var ikkje vanskelig å finna ein fin kombinasjon til kortet.

Eg har laga eit mixed media kort der eg først laga eit panel med lag på lag av mønsterark. Så la eg diverse tissue paper, bok ark og osteklut over kvarandre og spraya med glimmermist. 


Eg har og embosset eit stempeltrykk på bakgrunnen. 


 Pynten består av mange blomster og to vakre stempeltrykk:-)


Produkter: 
MønsterarkNye ark fra serien "Muligheter" - PD 16160 Omfavn gleden, PD 16158 Si det med blomster, PD 16139 Dine drømmer
Blomster: Pioner, roser, søte blomster
Stempel: PD 13783 Fordi... og S10717 Til Brudeparet

Eg er jo egentlig ingen kortlager, men det har heldigvis blitt meir av det etter at eg blei DT her:-) Til februarutfordringa laga eg eit bryllupskort. Eg tenker ikkje på mål når eg lager kort, ergo ingen konvolutter passa;-p  Så då måtte eg laga min egne, digre, konvolutt:-D



Konvolutten er enkelt laga ved å brette inn hjørnene på eit mønsterark. Eg har teipa rundt kantene og laga ein lukkemekanisme med hyssing. Eg har brukt ark fra den nye serien Muligheter som passa til kortet, pynten er og mykje av den samme. 




Produktliste: 
Ark: Muligheter - PD 16141 Roseduft
Stempel: S10717 Til brudeparet 
Blomster: roser og pioner
Annet: trefigurer og chipboard hjerte





Pin It

3 kommentarer:

  1. Kjempe lekkert :)

    Jeg ønsker at du lager en tutorial på mixed media kort ;)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren:-)